Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
Fotballskule 2018
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Husnes Cup: Fair play-prisen til Triojentene

Klikk på bildet for full størrelse
Trio sine lillejenter stilte 2 lag på Husnes Cup. Trio 2 fekk fair play-prisen. Dette er første gongen eit lag i cupens 8 årige historie at eit lag frå Trio vinn prisen! Lagfoto: Geir Remme.
 
Kampresultata er ikkje det viktigaste i Husnes Cup og laga sjølve, og dommarane, er med på å kåre eit lag som fortener Fair play-prisen. Den gjekk i år til Trio 2 i jenteklassen. Her følgjer ein del bileter frå laurdagen.
 

Alle lag fekk utlevert ei liste, der dei skulle gje pluss, minus eller nøytral til motstandarane sine på laurdag, basert på korleis dei oppførte seg mhp fair play. Dette gjekk både på spelarane, trenarane og supporterane sin oppførsel.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Stordjentene vartar opp med ei spretten oppvarming.

9 lag hadde alle fått 2 plussar kvar frå motstandarane på sine 3 laurdagskampar. Dermed var det dommarane sine rapportar på dommarkorta som vart avgjerande. Her var det jentene på Trio 2, leia av Ragnvald Vaage og Hilde Enstad, som stakk av med premien, som er billettar til ein Brann-kamp.

 

Jentene får prisen på cupkvelden før diskoteket. Der blir også Åkra lillejenter premiert for å vera trekt ut som vinnar blant dei 25 laga som hadde full pott på quizen, og Fitjar får premien for beste klubb i opptoget. Dei 3 laga frå Fitjar gjorde imponerande mykje positivt av seg på marsjen bort til Husnes sentrum.

 

No er det diskotek, før nye kampar ventar i morgon.

 
Klikk på bildet for full størrelse
Pølser, brus og sukkerspinn er ein viktig del av oppladinga til kamp.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Anders Nilsen frå Kjøkkelvik sitt G96-lag er fødd i 1998, men sto ikkje tilbake for verken med- eller motspelarar.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Ein Fitjarbu stormar i frå Egil Olsen på Trio Husnes96, medan Adrian Fredlund enno ikkje har gjeve opp håpet.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Trio Valen96 mot Bremnes.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Haugar stiller 3 gutelag, og kan dermed stille mannsterke på tribuna også.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Trio Sunde96 mot Fitjar Kvit, i ein kamp som endte 1-1.

.

Klikk på bildet for full størrelse
Cupgeneral Svein Røyrvik klargjer til opptoget.

.

Klikk på bildet for full størrelse

.

Klikk på bildet for full størrelse

.

Klikk på bildet for full størrelse

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Ambulansen måtte innom grunna eit mogleg beinbrot.

.

Haugar mot Kjøkkelvik.

.

Scoring!

.

Keeperdebutant Tommy Hauge i kamp for Trio Husnes96 mot Fitjar grøn.

.

 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Til topps i Pingvinlekene
Les meir [18.02.2019]
Årsmøte i IL Trio 2018
Les meir [13.02.2019]
Kjekk cupdag for G13
Les meir [10.02.2019]
Kampoppsett Trio Cup 2019
Les meir [03.02.2019]
Årsmøte i Fotballgruppa.
Les meir [22.01.2019]
I gang med innesesongen
Les meir [21.01.2019]
Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival!
Les meir [20.01.2019]
Innkalling til årsmøte i Trio
Les meir [17.01.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart