|
Basar på Triohuset |  | Kasserar Rita Larsen (til venstre) og husstyreleiar Rita Johansen flankerer sjekkutdelar Kåre Ertsland frå Kvinnherad Sparebank. |
| | Mykje folk var samla då Trio sitt husstyre arrangerte sin årlege basar på Triohuset søndag. Premieborda var som vanleg bugnande fulle, men største premien stakk Triohuset av med sjølv. | |  | Mykje folk var møtt fram. |
Basaren vart nemleg opna med ei overrasking av det store slaget. Seksjonssjef for kunderetta verksemd i Sparebank1 Kvinnherad, Kåre Ertsland, var møtt fram for å dele ut ein sjekk på 60.000 kr til Triohuset. Husstyret hadde tidlegare i år søkt om midlar og desse kjem godt med i eit år som har vore aktivt på oppussingsfronten. Nyleg har ein mellom anna lagt nytt golv i festsalen, gangen og på kjøkkenet.
| |  | Henning Haga rista ut vinnartala. |
Og den same festsalen var i dag godt full med folk. Nærare 80 menneskje var kome med von om å vinne på basaren, som er kjent for å alltid ha velfylte premiebord. Innimellom 3 rundar med åresal og trekking av loddbøkene, kunne folk nyte kaffi, saft og kaker.
| |  | Bugnande premiebord: Desse premiane vart trekt ut på loddbøkene. |
|
.
|  | Premiane til åresalet. |
|
.
|  | Jonas Teigen var godt nøgd med basaren. |
|
. | | | | |
| |
| Siste nyhende | | Til topps i Pingvinlekene | Les meir | [18.02.2019] |
| Årsmøte i IL Trio 2018 | Les meir | [13.02.2019] |
| Kjekk cupdag for G13 | Les meir | [10.02.2019] |
| Kampoppsett Trio Cup 2019 | Les meir | [03.02.2019] |
| Årsmøte i Fotballgruppa. | Les meir | [22.01.2019] |
| I gang med innesesongen | Les meir | [21.01.2019] |
| Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival! | Les meir | [20.01.2019] |
| Innkalling til årsmøte i Trio | Les meir | [17.01.2019] |
| | | Lenkjer | | | |