|
Pensjonistfest på Triohuset | | | Søndag for ei veke sidan arrangerte Husstyret sin årvisse pensjonistfest. Om lag 60 pensjonistar hadde samla seg til triveleg lag med matøkt, underhaldning og åresal. | |  | Sundegutane. |
Vårt driftige husstyre hadde stått på, pynta lokalet og smurt dugeleg med snittar til dei frammøtte pensjonistane. Alle let vel over eit godt arrangement, som vart toppa med festleg underhaldning av 'Sundegutane'. 7 staute karar, som stundom samlast til øving og songkveldar, varta opp med flotte songar, sterkt inspirert av ein studietur til Irland tidlegare i år.
| |  | Premiebordet. |
Etter underhaldninga var det kaffi og kaker, før eit dugeleg bord med gevinstar vart lodda ut ved åresal. Pensjonistfesten er ikkje nokon stor inntektspost, men med mesteparten gjort som dugnad, fekk Husstyret inn nokre kjærkomne kroner i kassa, som kan brukast vil vedlikehald på Triohuset. Allereie denne veka har styret gått i gang med å gjere uteområdet vent å sjå til for sommaren.
| |  | Sigrun Storhaug takkar. |
Før folk gjekk heim, takka Husnes-Utåker Pensjonistlag, ved leiar Sigrun Storhaug, for tilstellinga og Unni Belt tok ordet på vegne av Søral-pensjonistane og overrekte ei pengegåve til Husstyret.
'
På vegne av Husstyret vil leiar Hanne Larsen takke alle som kom for frammøte og hyggjeleg lag, samt takke for gåva
frå Søral-pensjonistane.
| | |
.
|  | Etter endt dyst og opprydding kunne arrangørane kose seg med restane. |
|
.
|  | Borda var godt pynta til fest. |
|
. | | | | |
| |
| Siste nyhende | | Til topps i Pingvinlekene | Les meir | [18.02.2019] |
| Årsmøte i IL Trio 2018 | Les meir | [13.02.2019] |
| Kjekk cupdag for G13 | Les meir | [10.02.2019] |
| Kampoppsett Trio Cup 2019 | Les meir | [03.02.2019] |
| Årsmøte i Fotballgruppa. | Les meir | [22.01.2019] |
| I gang med innesesongen | Les meir | [21.01.2019] |
| Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival! | Les meir | [20.01.2019] |
| Innkalling til årsmøte i Trio | Les meir | [17.01.2019] |
| | | Lenkjer | | | |