Framsida
Hovudsida
Idrettslaget
Fotball
TrioCup
Husnes Cup 2012
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Biletearkiv
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Nyhende
Vekas bilete
Vekas bilete
Søk

 
Lagssider

Tre i Trio

Klikk på bilete for full storleik
Tre i Trio: Harald Larsen flankert av døtrene Hanne (til venstre) og Rita.
 
Medlemsbladet Kontakt er ikkje meir, men «Tre i Trio»-serien held likevel fram – på nett. Og i år er det Harald Larsen og to av døtrene hans, Hanne og Rita, styret vil trekkja fram før årsmøtet i laget tysdag. Til saman representerer dei tre familiemedlemmene ein vesentleg del av det store dugnadsarbeidet som år om anna blir utført i Kvinnherads største idrettslag.
 

Av Kristian Hus (tekst og foto)

 

Harald Larsen og kona Arna fekk fire døtre, men det var berre Rita og Hanne som vart idrettsinteresserte, som far sin. Det får då vera måte med alt!

 

Då ''opphavet'' var ung, han er fødd i 1940, var det korkje lilleputtlag, smågutelag eller sjuar-fotball i Trio-bygdene. Så Harald skulle bli knapt 18 år før han begynte å spela skikkeleg fotball – på grusbanen i Valo. Det heldt han fram med i elleve år, til 1969. Då hadde han spelt borti 100 A-lagskampar for laget sitt i 5. divisjon.

 

På same tid, frå 1960 og framover i to - tre år, var han formann både i fotballgruppa og i hovudlaget, og i ein periode også nestleiar i styret. På den tida var det berre eitt fotballag i Trio, minnest Harald.

 
Klikk på bilete for full storleik
Harald hadde ein frykta skotfot i sine glansdagar og kan framleis imponere døtrene med nokre triks.

Stor utvikling

– Ja, jammen har det utvikla seg, du, seier den tidlegare fotballspelaren og tenkjer på at laget i år har meldt på over 30 lag i ulike aldersgrupper og divisjonar. Det var annleis den tida Harald og kameratane sykla frå Tresbygdo på Sunde til Valo for å spela fotball på grusbanen der. Då dei kom fram var det ikkje nødvendig med noka oppvarming; det heldt med sykkelturen! På baksetet låg sagmo-sekkene som dei brukte til å merka banen med!

 

Men dei slapp i alle fall å vaska draktene sine sjølve etter kampane, for den jobben tok Laura Storhaug seg av i mange år.

 

– Vi hadde det i alle fall svært kjekt, seier Harald, som minnest turane til Stord, Odda og Skånevik for å spela kampar. Stordingane stod det mest respekt av.

 

Tok pause

I 1969 la han fotballskoa vekk og tok pause frå idrettslaget. Men i 1986 vart han på nytt kalla til innsats for Trio, og vart trenar for jentelaget. Der var veslejenta, 10-åringen Hanne ein av spelarane. Så han hadde vel ikkje noko val den gongen, tenkjer vi.

 
Klikk på bilete for full storleik
Alle tre er med i eit aktivt styre for Triohuset.

I dag er den tidlegare fotballspelaren og -trenaren aktiv på andre område i laget der det er behov for dugnadsinnsats. I husstyret, til dømes, eit verv han har hatt i fleire år no. Og sanneleg finn vi ikkje begge døtrene hans der òg!

Snakk om familieinnsats!

 

Såg på kampar

Så skal det handla om Rita, ei av ''Tre i Trio'' dette året. Ho vart nok påverka av faren si fotballinteresse då ho vaks opp, ho òg.

 

– Ja, eg såg alltid på kampane, seier ho. Men noko aktiv fotballspelar blei eg aldri.

 

Derimot vart det ein god del volleyball medan ho gjekk på ungdomsskulen. Seinare har Rita hatt fleire trenarverv, både miniputtlag på Sunde (frå 2005 til 2008) og for jentelaget i to år frå 2010.

 

Dessutan sit ho i styret for Triohuset og tar seg av rekneskapen både for husstyret og for fotballgruppa. Den viser forresten gode tal.

 

Men tru no ikkje at fotball er eit heilt fråverande tema i heimen til Rita! Nei, ho har både ei dotter som spelar på J16-laget og ein mann som er trenar. Så dermed held dei det gåande, dei òg.

 

Hanne

Nett som i heimen til Hanne og Are. Vi vil tru det er mykje snakk om fotball og trening, Triohus og styrearbeid der i garden òg. Mest fotball, etter som alle fire er, eller har vore aktive på ulikt vis. Hanne vart forresten fødd det året Tjerand Lunde vart formann i laget, i 1976. Men det hugsar ho lite til.

 

Betre sit minnene frå fotballbanen, frå ho var 10 år og opp i vaksen alder på damelaget i 2004. På den tida var ho òg innom volleyball ein periode og ho trente lillejentelaget eit par år. Dessutan har ho to gutar som begge har vore aktive fotballspelarar, nett som mora og bestefar Harald.

 

Og så må det nemnast; Hanne har endåtil vore både oppmann og spelar for damelaget i Rosendal i eit par sesongar.

 

I dag er det Triohuset Hanne er mest oppteken av. Der har ho vore leiar dei tre siste åra og er dessutan med i fotballstyret, der ho òg er kasserar. Vi har sikkert gløymt noko!

 

Drivkrafta

– Kva driv dykk? spør vi alle tre, som vi har samla – i Triohuset sjølvsagt.

 

– Vi tykkjer det er viktig at foreldre og andre føresette stiller opp og legg forholda til rette for at barn og unge skal få oppleva ekte idrettsglede. Det gjer dei i Trio alt frå 6-årsalderen i dag. Dessutan er det sosialt å vera med, ja, dugnadsarbeidet er rett og slett gøy.

 

– Kva med framtida til laget?

 

– Vi har eit breitt og godt tilbod til mange unge i dag, men vi er avhengige av at dei vaksne deltar, og ikkje sviktar. Dessverre ser vi at dette kan vera eit veksande problem i laget. Så her har Trio ei stor utfordring, er dei tre enige om.

 

Aktiv pensjonist

Harald vil i alle fall delta så lenge helsa held. 72 år er då ingen alder for ein tidlegare fotballspelar. Han har vore pensjonist i ti år og er glad for å få vera med i idrettslaget, blant anna som vaktmeister i Triohuset. Dessutan skulle han gjerne sett at laga i Kvinnherad kunne gått i lag om eit samansett og sterkare fotballag i ein høgare divisjon.

 

Hanne ønskjer seg ein ny kunstgrasbane på Husnes, etter som laget i dag har for liten plass. Rita sitt første-ønskje er at Trio må få ein breiare plass i folket i alle tre bygdene.

 

Nesten samstemt avsluttar årets ''Tre i Trio'' at alle som vil, skal få eit tilbod om idrettsleg utfalding – same kva idrettsgrein dei ønskjer å delta i.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Invitasjon: TINE FOTBALLSKULE
Les meir [18.05.2012]
Minneord - Magnar Olderkjær
Les meir [17.05.2012]
Smågutteseier i Rosendal
Les meir [16.05.2012]
Surt tap for småjentene på Fitjar
Les meir [15.05.2012]
Uavgjort i toppoppgjeret
Les meir [15.05.2012]
Målfestar for 2001-gjengen
Les meir [15.05.2012]
Keepertrening
Les meir [14.05.2012]
Å score når sjansen byr seg
Les meir [14.05.2012]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart