|
Volleyball : Tungt for damene i Trondheim | Det vart ein hard dag for 1.divisjonsdamene i Trondheim med mange tøffe kampar i rankingturneringa. | | Laget var i innleiingspulje med Koll2, Nyborg og NTNUI2. Her antok ein på førehand at det var muligheter til å gå vidare dersom laget spelte opp mot sitt beste, samstundes er nivået såpass høgt at det er ingen lette kampar.
| | Dessverre var ein ikkje i lange nok periodar på det beste nivået laget har inne, ein endte då sist i innleiingspulja.
| | I mellomspelet var Lier motstandar. Det har vore fleire jamne oppgjer mellom desse to laga dei siste sesongane, denne kampen vart ikkje noko unntak. Trio vant første sett og hadde ei klar leiing også i andre sett. Her vart ein imidlertid ståande lenge fast i ei oppstilling utan å klare å bryte gjennom, samstundes vart det gjort nokre enkle feil mot slutten av settet og Lier utlikna til 1-1 i sett. Lier vann også tredje settet og dermed kampen 2-1.
| | Trio spelar då om 12.plassen i turneringa søndag kl.1130, motstandar i denne kampen er BSI. Heller ikkje denne kampen kan forventast å bli enkel; begge lag meinar nok at dei høyrer heime høgare oppe på resultatlista.
| | Positivt laurdag var det at fleire spelarar til ein viss grad fekk nye roller på banen, dette fungerte bra. Juniorspelarane Julie Kaland Sund og Tonje Olsen Haga fekk og mykje speletid og begge kom bra frå oppgåva. | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | Til topps i Pingvinlekene | Les meir | [18.02.2019] |
| Årsmøte i IL Trio 2018 | Les meir | [13.02.2019] |
| Kjekk cupdag for G13 | Les meir | [10.02.2019] |
| Kampoppsett Trio Cup 2019 | Les meir | [03.02.2019] |
| Årsmøte i Fotballgruppa. | Les meir | [22.01.2019] |
| I gang med innesesongen | Les meir | [21.01.2019] |
| Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival! | Les meir | [20.01.2019] |
| Innkalling til årsmøte i Trio | Les meir | [17.01.2019] |
| | | Lenkjer | | | |