Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
Fotballskule 2018
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Volleyball : Rapport frå U15 etter 3.seriehelg


Trio jenter U15 har no gjennomført tre av dei fire seriehelgane denne sesongen.  Her kjem ein status frå sesongen so langt.

 

Trio U15 består no av Sunde jenter fødd 1999. Vi spelar denne sesongen i 2. divisjon U15, som består av jenter født i 98 og 99. Laget har hittil i sesongen vore på 3 seriedagar i Bergen. Her kjem litt om korleis det har gått.

 

Siste helga i oktober gjekk turen til Sandslihallen og vi stilte med 2 lag. Etter endt puljespel og 3. plass til begge laga, reiste ein heim med 5. og 6. plass.

 

I tilnærma snøstorm og 40cm nysnø tok jentene ut grytidleg 2. desember, nok ein gong var Sandslihallen endestasjon. Snøen tok heldigvis slutt lenge før Årsnes. Denne gongen hadde jentene lagt meir av respekten igjen på Sunde og slo meir ifrå seg. Dei 2 laga gjekk begge til semifinale og derfrå enda dei opp med siger i finalen, samt ein 4. plass! Enno meir imponerande var denne sigeren når ein tek i betraktning at vinnarlaget spela med 4 spelarar dei fleste kampane, inkludert finalekampen. Vinnarlaget vil neste gang rykka opp i 1. div.

 

 
Forrige helg kunne vi berre stilla eitt lag på Ågotnes grunna sjukdom, vi trekte derfor 1. div laget vårt. Reisedagen hadde imidlertid fleire reist seg og 10 jenter var klar for tur til Sotra. Første kamp var mot Gneist som vi slo greit etter god serving. Andre kamp mot Strandvik var vi litt usikre i serve/mottak og kom aldri skikkelig inn i kampen. 0-2 tap. Vi vart nr 2 i pulja og var klar for semifinale mot Rossvoll som vi hadde tapt mot og slått tidlegare i sesongen. Det vart ein kjempespennande og jevn kamp, men jentene var sterke på slutten av setta og drog i land 25-21 og 28-26. Ellevill jubel for ny finale plass!
 
Klikk på bilete for full storleik

Finalen baud på nytt oppgjer mot Strandvik og etter pep-talk og

taktikkdiskusjon kom jentene godt i gong. Strandvik viste seg imildertid

som det sterkaste laget denne dagen og jentene måtte til slutt innsjå at

2.plass faktisk var veldig bra.

Det skal seiast at Strandvik laget besto av eitt år eldre jenter, der

dei fleste hadde spela 1. div tidlegare i sesongen. Ingen skam

å tapa her!

 

Desse jentene var med til Sotra:

Lilly, Ingrid, Madeleine,

Emma, Andrea, Marie Camilla,

Emma Charlotte, Susann og Madel.

 
 

Helsing stolt trenar Linda Holmedal

 

PS!  Siste turneringshelga vert til

Øystese, 16.-17. Mars. Jentene

gledar seg til overnattingstur J

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Til topps i Pingvinlekene
Les meir [18.02.2019]
Årsmøte i IL Trio 2018
Les meir [13.02.2019]
Kjekk cupdag for G13
Les meir [10.02.2019]
Kampoppsett Trio Cup 2019
Les meir [03.02.2019]
Årsmøte i Fotballgruppa.
Les meir [22.01.2019]
I gang med innesesongen
Les meir [21.01.2019]
Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival!
Les meir [20.01.2019]
Innkalling til årsmøte i Trio
Les meir [17.01.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart