Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
Fotballskule 2018
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Jentelaget med trippel i amputert Trio Cup

Klikk på bilete for full storleik
Vinnarlaget, frå venstre Synne N, Mirka, Madel, Synne B og Lea Sofie.
 
I det som blei ein amputert innecup for jenter 16 år i Husneshallen laurdag, gjorde dei nybakte kretsmeisterane reint bord og tok dei 3 første plassane.
 
Odda hadde meldt på 3 lag til cupen. Raset i Mauranger gjorde at ein frå Odda måtte reisa om Skånevik i staden, noko som tar 30 minutt lenger tid ein veg frå Odda til Husnes. Dette var av fullstendig ukjente grunnar for mykje å gapa over for Odda og dei valgte rett og slett å bli heima(?!). Det vil sei alle minus ei. Solveig Haldorson, venninne av June, var på besøk hos eks Oddingen og hadde veldig lyst å spela cupen som ho hadde gledd seg til. Ho passa Triodrakten særs godt og ho gjorde ein flott figur på Trio 2, saman med venninna frå Sunde.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kombinasjonen Lygre-Mehammer har gjeve mange Halsnøyscoringar også i eldre årgangar. Her er det Kristine og Hanna som veggar seg forbi Trioforsvaret.
Ikkje noko å gjera med Odda si manglande lyst til å spela fotball, vi gjorde våre 2 lag om til 3 og Halsnøy stilte med eitt lag av 2000- og 2001-modellar. Kjartan sine jenter gjorde seg ikkje vekk på nokon måte, spelte fin fotball og ytte god motstand for våre 3 lag. Dessverre for dei stod ingen andre enn Lea Sofie Dalland i mål kvar gong dei var på banen og ho er ikkje god å scora på med håndballmål :) Fasiten for Halsnøy vart 2 tap og 1 uavgjort og fjerdeplass i pulja. I puljespelet ellers viste 2000 jentene ( Vilde) på Trio 2 svært gode takter i dei 2 siste kampane, då dei slo Halsnøy med solide 3-0 og påførte førstelaget eit 1-0 tap. Med uavgjort mot Trio 3 vant dei pulja med 7p, føre Trio 1 med 6p.
 
Finalen vart dermed eit revansjeoppgjer for Trio 1 og i finalen var det ingen tvil mot dei hakket yngre jentene på Trio 2. Til tider svært hurtig og godt kombinasjonsspel av kvartetten Madel, Synne N, Synne B og Mirka. Synne B var finalens store spelar då KM-gullet vart sikra forrige helg og noterte 2 scoringar då. Ho kopierte det i dag og satte begge måla i 2-0 seieren mot dei hardt kjempande jentene på Trio 2. Ikkje dumt å vera «best når det gjelder» :)
 
Syns vi fekk max ut av ein vanskelig situasjon skapt av Oddas merkelige adferd. Ei god treningsøkt og gjennomkøyring. Masse bra spel og vi fekk vist dei frammøtte at nivået er svært høgt på det beste. Spesielt var nivået til Trio 1 i finalen meget bra. Også utrulig kjekt å sjå Zumilana og Marie i gang igjen. Vi treng alle som ei denne sesongen :)
 
Siste innecup er om 2 veker då vi tar turen til Odda, enten gjennom tunnelen - eller i verste fall gamleveien med ferje :)
 
- Per Einar Gjerding
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Til topps i Pingvinlekene
Les meir [18.02.2019]
Årsmøte i IL Trio 2018
Les meir [13.02.2019]
Kjekk cupdag for G13
Les meir [10.02.2019]
Kampoppsett Trio Cup 2019
Les meir [03.02.2019]
Årsmøte i Fotballgruppa.
Les meir [22.01.2019]
I gang med innesesongen
Les meir [21.01.2019]
Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival!
Les meir [20.01.2019]
Innkalling til årsmøte i Trio
Les meir [17.01.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart