Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
Fotballskule 2018
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ei flott veke for J13

Klikk på bilete for full storleik
Som perler på ei snor...
 
Flott veke med semifinale i Regy cup og Seier over Rosendal
 


Regy cup

 
Klikk på bilete for full storleik
Godt med mat mellom slaga

J13 jentene deltok sist helg på Regy cup. Det vart semifinale med tap for eit toppa Stord lag. Etter 2 solide sigrar mot Os og Fitjar i innleiande vart det pulje finale mot Haugar. Sjølv om me var fult på høgde med Haugar vart det 4-1 tap. Me skulle blant anna hatt eit soleklart straffespark men istaden kontrer Haugar og scorer.

 

Så det vart 2 plass i gruppa og kvart finale på søndag mot Solid. Litt spent på kva vi orka på søndag sidan vi kun hadde 11 spelarar me oss og keeperen vår nettopp tilbake etter knekt bein i handa. Det var meininga at vi ikkje skulle ta noko sjanse med handa så ho skulle berre spela ute, men etter ein overtrakk på lørdag ville ho prøva å stå i mål og det gjekk heldigvis bra. Kvart finale mot Solid og for ein sjelden gang begynner vi best og leder 2-0. Solid kjem litt sterkare etterkvart og reduserer til 2- 1 slik at det vert veldig spennande på slutten. Men vi rir det av og går dermed til semifinale mot eit toppa Stord lag. Sidan Stord vant si pulje fekk dei gå rett til semifinale kl 12.40. Pga sterk forsinkelse av vår kamp på grunn av ein alvorleg skade i kampen før oss. Fekk vi ikkje tid til å returnere  til skulen så det vart litt lenge å vente sjølv om det var inne i Haugar hallen. At det var det som gjorde at vi var veldig lite konsentrete når kampen begynte er vanskelig å sei men i tillegg til mange kamper på lørdag i beina så hadde det nok litt å sei. Og mot eit beveglig og teknisk godt Stord lag som scora 3 mål på oss før vi var begynt. Enda vår reise i semifinalen. Hadde vi vore opp mot vårt beste kunne vi gitt Stord kamp trur eg men at dei pr no er noko kvassare enn oss. Men for ein utvikling me har hatt dette siste året. Frå i fjor når vi sleit i det heile med å vinna ein og anna kamp i sesongen. Er vi no kanskje det nest beste laga i Sunnhordland og Hardanger. Vi har fått Cecilie meir fast med oss. Det forklarer ein del men at guppa har utvikla seg veldig er det liten tvil om. Mange av jentene er med på veldig mange andre fritidsysler så det er veldig utfordrande å få pressa inn treningar. Ellinor satser hardt på svømming slik at ho er lite med oss. Det er synd for oss for ho e ein veldig habil fotball spelar og. Skal me hevda oss endo høgare så må me nok trena noko meir og meir fokus på treningane.

 
 

Rosendal – Trio 1-2 (0-1)

 

 Rosendal var det svakaste laget i vår sesongen, men i haust har dei virkelig for sving på sakene. Dei har blitt ein voldsomt engasjert lag og som jobber knall hardt og veldig tøffe i duellane. Dei har blant anna slått oss 2 ganger i haust og leder serien i haust med 3 poeng meir enn oss. Sjølv om me snakka om dette å ta duellane og ikkje la oss irritere av at dei til tider bruker litt i overkant mykje armer. Opna me som vanleg veldig avvantande og svakt. Ein ganske sterk mot vind fekk Rosendal eit lite overtak. Men vi vakna etterkvart og kom oss til nokre sjangser. Og me fekk 1-0 etter ein flott scoring av Cecilie. På slutten av 1 omgang måtte Ellen Marie ta ein pause og når Cecilie fekk eit spark i munnen så måtte me skifta heile høgre sida før pause. Men me rei det av til pause. Etter pause var Cecilie klar att og vi hadde egentlig bra kontroll. Dessverre så fekk Rosendal eit mål på ein litt uheldig situasjon. Vår elles veldig gode keeper Wiktoria gjorde ein liten feilberekning og trudde lang skuddet gjekk utanfor, men det sneik seg inn ved lengste stolpe. Me rulla opp nokre veldig gode angrep på slutten då vi klarer å kombinera mellom indre løparane og spiss men var litt uheldig i den avgjerande situasjonen. Men fem minutt før slutt sitter den. Cecilie ruller flott opp på vår høgre side og slår inn i feltet og der er Sophie på rett plass og setter inn 2-1 til oss. Det vart og slutt resultatet og ein veldig fornøgd gjeng reiste heim att med 3 poeng og a poeng med Rosendal i haust. Me har 2 heimekamper igjen(Harding og Odda). Rosendal har desse 2 laga borte. Kvifor det er ny serie i haust veit eg ikkje for det er dei samme (få) laga som i vår. Me vant vårsesongen og fekk 9 poeng meir enn Rosendal. Visst dette slåes samman er vi allerede avdelingsvinner. Me gleder oss til forsettelsen.   

 
 
 
 
Med helsing
 
 

Karen Kloster og Kjell M Eide

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Til topps i Pingvinlekene
Les meir [18.02.2019]
Årsmøte i IL Trio 2018
Les meir [13.02.2019]
Kjekk cupdag for G13
Les meir [10.02.2019]
Kampoppsett Trio Cup 2019
Les meir [03.02.2019]
Årsmøte i Fotballgruppa.
Les meir [22.01.2019]
I gang med innesesongen
Les meir [21.01.2019]
Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival!
Les meir [20.01.2019]
Innkalling til årsmøte i Trio
Les meir [17.01.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart